Hopp til hovedinnhold

Påbygging til generell studiekompetanse

Skolearbeid

Har du gått på yrkesfag og ønskjer å ta høgare utdanning? Då kan du ta påbygging til generell studiekompetanse. Du kan søkje både før og etter læretida. Utdanninga fører fram til generell studiekompetanse.

Kvifor påbygg?

I påbyggingsklassane møter ein elevar frå fleire ulike utdanningsprogram. Mange kjem frå to år på yrkesfag, medan andre har hatt pause frå skule nokre år.

Dette mangfaldet av ulike ressursar og evnar gjer klassane til ein spanande og kreativ stad å vere. Her er det mykje læring, mykje lekser og mykje god stemning.

Du som søkjer påbyggingsåret må være motivert for sjølvstendig arbeid med mykje teori.

For å få generell studiekompetanse, og dermed kome inn på høgskular eller universitet, er det ein føresetnad at du består alle faga dette året.

Du bør ha gode karakterar og interesser i fellesfaga frå vg1 og vg2 som grunnlag for å gjennomføre dette året.

Av valfrie programfag kan du velge mellom:

  • kjemi
  • biologi
  • fysikk
  • informasjonsteknologi
  • engelsk
  • psykologi
  • økonomistyring
  • rettslære
  • politikk og menneskerettar
  • sosiologi og sosialantropologi

Vegen vidare

Med studiekompetanse kan du søke opptak til høgare utdanning i Noreg. Dette gjer du gjennom samordna opptak. Her får du og informasjon om kva for opptakskrav som gjeld for dei ulike studia.Har du ikkje bestemt deg? Då kan du få gode tips på Utdanning.no