Hopp til hovedinnhold

Bygg- og anleggsteknikk

 Elevar ved sagen

Er du praktisk anlagt og har godt handelag kan dette vere faget for deg. Du går 1-2 år på skule før du begynner som lærling i ei bedrift. Du kan i tillegg ta påbygg til generell studiekompetanse før eller etter læretida.

Kvifor velje bygg- og anleggsteknikk?

Det er ca. 22 fag som rekrutterer lærlingar frå vg1 bygg- og anleggsteknikk. Vi ønskjer at du som ser føre deg ei yrkeskarriere innan byggebransjen, skal få best mogeleg start på denne utdanninga.

Prosjekt til fordjuping er eit fag som gir deg sjansen til å bli betre kjent med fleire forskjellige fag i byggebransjen.

Les meir om utdanningsprogrammet og kva du kan bli på vilbli.no

Første året (vg1) er felles for alle som vel bygg- og anlegg. På skulen vår kan du på vg2 søkje deg inn på: 

  • tømrar

Vg1 bygg- og anleggsteknikk

Vi legg stor vekt på at det blir mykje praktisk arbeid på verkstaden. Du får bygge og gjere praktiske øvingar som er i samsvar med faget du har valt.

Vi har eit utmerka samarbeid med dei fleste byggefirmaa på Askøy. Dermed er det gode sjanser for at du kan bli utplassert i ei bedrift i delar av skuletida. Vi legg òg til rette for at du som vel nokre av dei andre faga skal få ei så god opplæring som mogeleg.

Vg2 tømrer

På vg2 tømrer får du tømrerfaget som fordjupning og kan få fagbrev som tømrar.

Vi har eit nært samarbeid med byggebransjen i området. Dette gir ein fin balanse mellom teoretisk og praktisk opplæring. Eksamen frå vg2 gir deg sjansen til å søke læreplass i ei bedrift, slik at du kan ta fagbrev. Vegen mot fagbrev etter vg2 tek vanlegvis 2,5 år.

I «Prosjekt til fordjuping» vel du å fordjupe deg i eitt av fagområda. På vg2 har vi eit godt samarbeid med næringslivet i Bergen vest. Her vil du bli utplassert i 6 veker. Sjansen til å gjere deg kjent med faget og å få læreplass i faget du har valt er stor.

Vegen vidare

Etter to år i skule kan du søkje læreplass i ei godkjend lærebedrift. Meir om det å bli lærling.

Du kan også ta Påbygg til generell studiekompetanse (før eller etter læretida) for å kunne studere vidare på høgskule/universitet.