Hopp til hovedinnhold

Det du treng å vite...

MOTbru ved inngangen

Askøy vidaregåande skule er MOT-skule, har eit variert fagtilbod, er bynært, og har som mål å vere Askøy-ungdom sitt kortreiste førsteval!

Opningstider

Ekspedisjonen på skulen er open måndag - fredag kl. 08.00 - 15.00.
Her møter du Beathe og Kledmanee som kan svare på det meste, eller hjelpe deg vidare med det du lurar på.

Ring ekspedisjonen: 56152300

Beathe Marøy

konsulent
Beathe Marøy

Kledmanee Khamsuk

fagarbeidar
Bens

Kvar finn du oss

Adressa til skulen vår er Søre Myrane 13, 5300 Kleppestø.

Bussen stopper ved ungdomskulen, som ligg rett ved. Det tar berre 15 minuttar å gå til skulen frå Kleppestø terminal.

Dette meiner vi er viktig

På Askøy videregående skole er vi opptatt av at alle elevar skal ha ein trygg og god skulekvardag. Samtidig skal skuletida gje rom for nye opplevingar og utfordringar.

Skulen samarbeider tett med kommunen, lokalt næringsliv og organisasjonar for å kunne gje elevane erfaringar i praksis. På same tid som vi ønskjer å ha ein lokal tilknytning, så er vi også opptatt av å sjå ut i verda. Skulen har lang tradisjon for internasjonalt arbeid. Hos oss får mange av elevane tilbod om tur eller utplassering i utlandet. Vi har mellom anna tilbod om å ta deler av opplæringa i Tyskland på vg2 elektrofag og vg2 studiespesialiserende. For dei andre yrkesfaga vert det gjeve tilbod om praksis/utplassering i utlandet. Studiespesialiserande får tilbod om utanlandsturar. I tillegg er skulen deltakar i ulike prosjekt i samarbeid med skuler i andre land.

Utsikt frå det gamle teoribygget mot det nyedsbygget til byggeplassen

Til skulestart hausten 2023 flytter vi inn i nye bygg!

Askøy vidaregåande skule blir hausten 2023 både større og meir moderne. Vi får felles kantine, fleire sosiale soner og god tilgang på klasse- og grupperom. Vinteren 23/24 blir det noverande teoribygget rehabilitert, og Askøy kommune er i gong med planlegginga av ny Askøyhall. Kultursalen/auditoriet i det nye hovudbygget skal brukast i ei fornya satsing og samarbeid med kommunen. I 2024/25 skal etter planen alt vera ferdig, og området Myrane vil då vere eit utdannings- og kultursentrum på Askøy.

Anleggsarbeidet har ført til ein del utfordringar undervegs, men skulen hatt eit godt samarbeid med Constructa for å finne gode løysingar.

Det er under anleggsperioden, og når skulen er ferdig, avgrensa parkeringsplasser. Vi oppfordrar alle til å sjå det i eit berekraftig perspektiv, og bruke buss, gonge eller sykkel for å komme seg på skulen.  

Vi gler oss til å ta i bruk dei nye bygga våre! 

Fagsamtaler

Ønskjer du fagsamtale med ein faglærar eller med kontaktlærar? Meld ønskje her så tek vi kontakt så snart som råd.

Miljøfyrtårn

Askøy videregående skole er sertifisert som miljøfyrtårn, og arbeider aktivt for å nå klima- og miljømåla. Som ledd i arbeidet deltar elevane i mellom anna "Plastutfordringa" og andre prosjekt knytt til overordna mål i læreplanen, og i enkeltfag. 
I juni kvart år gjennomfører vi miljødag, der elevane bidrar til å rydde i nærmiljøet. 

Miljøfyrtårn