Vi ønskjer velkommen til nytt skuleår!
Elevane møter trinnvis i kultursalen KIPO:
Kl. 09:00: Vg1
Kl. 10:00: Vg2
Kl. 12:00: vg3
Etter ei felles samling og opprop i klasser, går du med kontaktlærar til eit klasserom. Her vil du møte medelevane dine, og få meir informasjon om oppstarten.
Før skulestart oppmoder vi alle nye elevar og føresette om å setje seg inn i praktiske ting som er lurt å vite før ein møter 1. skuledag! Les viktig informasjon til nye elevar her!
Lurer du på noko etter å ha lest informasjonen, ta gjerne kontakt ved å sende ein epost til skulen!
Elevar i eigne grupper/tilrettelagt opplæring vil få meir informasjon om oppmøtetid og stad, men er med i KIPO kl. 09:00.
Vel møtt, og lukke til med skulestarten!
PS: For å sikre ein god og føreseieleg skulestart for alle, opner vi ikkje opp for å byte plass mellom klassene på same programområde. Ta kontakt med kontaktlærar dersom det er noko du ønskjer hen skal vite om før, eller ved, skulestart.