Hopp til hovedinnhold

Skulehelsetenesta

Helsesjukepleiarane David Marøy og/eller Anny Ottemo er  på skulen måndag til torsdag kl. 09:00 -14:00.

 

Skulehelsetenesta er eit gratis tilbod til alle elevar i vidaregåande skule. Du kan gjere avtale med helsesjukepleiar ved å henvenda deg i kontortida, ringa, senda SMS eller be om time via e-post.

Kva kan du snakka med helsesjukepleiar om:
• korleis få det betre heime, på skulen eller med ven/kjæraste
• seksuell helse
• prevensjon, graviditet, abort
• seksuelt overførbare infeksjonar eller plager i underlivet
• eiga helse, søvn, mat, rus, sorg, angst, depresjon, sjølvskading
• mobbing, skulefråvær, stress, sjølvkjensle, einsemd, konsentrasjon
• vanskelege familieforhold, fysisk og psykisk vald, overgrep og valdtekt
• gratis graviditetstest og klamydiatest

Helsesjukepleiar har teieplikt.

Time hos helsesjukepleiar blir rekna som gyldig fråvær og tel ikkje med i fråværsgrensa på 10%. Du må få med deg melding frå helsesjukepleiar på avtalar, og vise det til lærar for å få det registrert. 

 

Helsestasjon for ungdom er ope tysdag, onsdag og torsdag for alle. 

Les meir om helsestasjon for ungdom

Informasjon om vaksine mot smittsom hjernehinnebetennelse

Kontaktinformasjon

David Marøy
Helsesykepleiar
Familiehelsetenesta i Askøy kommune
Telefon: 45739453
Epost: David.Maroy@askoy.kommune.no

Anny Ottemo 
Helsesjukepleiar
Familiehelsetenesta i Askøy kommune
Telefon: 56158309/ 40906144
Epost: anny.marie.ottemo@askoy.kommune.no  

Askøy kommune har også andre tilbud til ungdom og foreldre som trenger støtte og veiledning, les mer om det her: Origo Askøy kommune