Her finn du informasjon om rådgjevarar, skulehelsetenesta, bibliotek og miljøkoordinator.
Rådgjevarane våre
Du kan snakke med rådgivar om spørsmål du har om utdannings- og yrkesval.
Du kan også kontakte rådgivar når du treng nokon å snakke med om sosiale og personlege forhold som kan ha innverknad på korleis du har det på skolen.
Bestill tid hos ein av rådgjevarane våre, så hjelper dei deg så godt dei kan med det du lurar på. Om ikkje dei kan svare på spørsmåla dine, så kan dei hjelpe deg vidare til dei som kan.Helsesjukepleiar
Helsesjukepleiarane David Marøy og/eller Anny Ottemo er på skulen måndag til torsdag kl. 09:00 -14:00
Biblioteket
Biblioteket er skulens bankande hjarte. Her kan du slappe av, vere sosial, jobbe med oppgåver, lese og få hjelp med å finne litteratur eller anna informasjon. Av og til er det ekstra kjekke aktiviteter på biblioteket der ein kan oppleve noko saman, som musikk, spel, høgtlesing eller anna.
Biblioteket er dagleg bemanna med fagutdanna spesialbibliotekar.
Miljøteamet
Hogne er skulen sin miljøkoordinator. Som miljøkoordinator er Hogne elevrådskontakt, han støtter russestyret i deira oppgåver, og han er MOT-koordinator.
Aina er miljørettleiar i elevtenesta, og ho og Hogne er dei kjernen i miljøteamet ved skulen. Saman med dei andre miljøarbeidarane på skulen er dei opptatt av at elevane våre skal trivast, og har ein hand med i det meste av aktiviteter i elevmiljøet.
Miljøteamet er her for deg og legg til rette for at du har ein aktiv og sosial kvardag. Dei støttar og motiverer deg, samarbeider tett med dei andre i elevtenesta og kan hjelpe deg vidare i systemet, og du kan stola på dei dersom noko er vanskeleg eller du hamnar i konfliktar.
Hogne og Aina har nesten alltid tid til ein prat!