Vi tilbyr tilrettelagt opplæring for elevar som har behov for det. Opplæringa er knytt opp mot eit utdanningsprogram og tar utgangspunkt i dei faga, eller delar av faga, som eleven kan meistre. Eleven får eit kompetansebevis som viser kva mål i læreplanen som er gjennomført.
Mål og prinsipp
Hovudmålet i opplæringa vår er sjølvstende i tilhøve til arbeid, bustad og fritid.
Vi jobbar etter «Relasjonspedagogiske prinsipp» i opplæringa. Med det meiner vi at det er grunnleggjande å støtte elevane i deira sosiale og faglege utvikling.