Nokre av elevane våre fekk våren 2024 tilbod om å gjennomføre praksisvekene sine i utlandet. Dette er mogleg på grunn av støtta frå Erasmus+
Elevar ved tømrarlinja fortel om studieopphaldet i Erfurt i Tyskland: "Vi på tømrarlinja set stor pris på sjansen til å reise til Tyskland gjennom Erasmus+ 4. - 22 mars! Vi hadde fleire ukers praksisopphald og har lært så mykje. Særleg har vi blitt mykje betre på å bruke handhalde verktøy, og dette vil vi ha god nytte av i løpet av tømrerutdanninga. På Bildungswerk BAU i Erfurt i Tyskland var det veldig deilig å ha ein lærar som kunne snakke norsk."
Elevar frå Teknologi- og industrifag fortel om sitt studieopphald: "Vi på TIF er takknemlege for den fantastiske opplevinga og moglegheita til å utvide våre horistontar gjennom Erasmus+ i Tyskland! Jugendberufsförderung i Erfurt tok oss imot og var veldig snille. Det har verkeleg vore ein lærerik og minneverdig oppleving for oss alle!"
Du kan lese meir om TIF-elavane sitt opphald på sida til vertsskapet i Tyskland: Jugendberufsförderung Erfurt | Jugendliche aus Norwegen zu Gast in der JBF (jbf-erfurt.de)
Elevane frå barne- og ungdomsarbeidarfaget fortel dette om opphaldet i Tyskland: "Vi tilrår alle å søkje utplassering i Tyskland, du vil ikkje angre. Du opplever mykje gøy, og ikkje minst lærer du mykje om kultur og forskjellar som er nyttig å ta med seg vidare. Ikkje minst var det veldig spennande å vere på jobb med dei tyske barna i barnehagen, for ein får så mykje inntrykk. Vi har reist og opplevd mykje utanom jobb, som òg vil bli minne for livet!"
Elevar frå helsefagarbeidar-klassen fortel frå opphaldet i Danmark: "Vi har vore i Randers og arbeida i heimesjukepleien. Det var veldig kjekt, og vi lærte masse om hjelpemiddel som ikkje er i bruk i Noreg. Vi har og lært oss mykje dansk og mykje om kulturen i Danmark. Vi besøkte ein demenslandsby, og der fekk vi eit nytt og betre inntrykk av framtidige sjukeheimar. I helgene opplevde vi meir av Danmark, og vi reiste mellom anna til Aarhus på shopping.
Vi er veldig fornøgde med reisa, og vi tilrår alle som har lyst på ein kul oppleving å søkje! Takk til Erasmus+ for ein fantastisk og lærerik oppleving!"