Hopp til hovedinnhold

Elevar på språkreiser våren 2024

Norske og spanske elevar på hovudplazaen i Trujilo, Spania

Som del av opplæringa i framandspråk var elevane på vg1 studiespesialiserande på Askøy vgs. våren 2024 på språkreiser til Frankrike, Spania og Tyskland. Dette kan vi gjere fordi Askøy vgs er akkreditert av Erasmus+

Språkreise til Spania mars 2024: 

Elevene på vg1-studiespesialiserande som har spansk som framandspråk hadde våren 2024 gleden av å besøke den spanske Vidaregående skulen IES Eugenio Frutos i Guareña, som ligg i området Extremadura i Spania. Opphaldet vårt strakte seg over fire heile dagar, frå kvelden den 10. mars til tidleg morgon den 15. mars.

Under besøket fekk elevane oppleve den spanske kulturen på nært hald. Vi dansa tradisjonell spansk dans, besøkte lokale marknader og fabrikkar, og fekk ein smak av det spanske dagleglivet. Elevane fekk og moglegheit til å praktisere spansk med spanske medstudentar og vertsfamiliane sine. Dette hjelpte dei å forstå språket og kulturen betre. Elevane budde hos ekte spanske familier, delte måltid og samtalar, og fekk ein dypare forståing av det spanske familielivet. Det var ein minnerik og lærerik oppleving for alle.

Dag 1 besøkte me skulen i Guareña. Her deltok elevane på ei rekke ulike aktivitetar, mellom anna øvingar i tradisjonell spansk dans, rebusløp og fotballkamp Spania VS Norge. Resten av dagen fekk elevane tilbringe saman med vertsfamiliene sine. Bileta viser sekunda før målscoring frå det norske laget, og under ser du alle elevane prøve seg på spansk folkedans.

Dag 2 besøkte vi Cáceres og Trujillo. I Cáceres fekk vi omvising og museumsbesøk i gamlebyen, i tillegg til ei omvisning på det moderne museet "Museo de Arte Contemporáneo Helga de Alvear". Etter dette reiste vi vidare til Trujillo, der vi besøkte eit slott frå 1200-talet. På biletet ser vi gjengen samla i gamlebyen av Cáceres, ein del av den moderne kunstutstillinga og elevane som nyter utsikta frå toppen av slottet i Trujillo.

Dag 3 fekk vi ei omvising i Guareña. Her besøkte vi mellom anna ei kyrkje, det lokale loppemarknaden, ein olivenfabrikk, og avslutta med eit besøk i rådhuset. På bileta ser vi elevane samla i kyrkja, like før dei tar turen opp i klokketårnet. Ein kan også sjå at elevane fekk lov til å sitje ved «sjefsbordet» i rådhuset.

Dag 4 besøkte vi byen Mérida, som òg er kjend som Spanias "lille Roma". Fyrst var vi innom eit museum bygd på gamle utgravingar frå Romarriket si tid. Etterpå tok vi ein omvisning på utgravingane av amfiteateret og det romerske teateret i Mérida. Til slutt brukte elevane sin siste dag på å handle på eit kjøpesenter i Badajoz. Her ser vi både amfiteateret og teateret, i tillegg til elevar og lærarar som lyttar oppmerksomt til dagens guide, som òg var historielærar frå skulen i Guareña.

Språkreise til Erfurt i mars 2024:

10. – 15. mars 2024 besøkte dei flotte elevane våre i tyskklassen på vg1 ved Askøy vgs. byen Erfurt i Tyskland. Besøket var eit ledd i samarbeidet med den tyske skulen Hannah Arendt Gymnasium, og den tyske skulen tok vel imot elevane våre. I løpet av veka fekk elevane høve til å sjå byane Erfurt og Weimar. Elevane budde i vertsfamiliar, og det var fokus både på vennskap og kulturell utveksling.