Når du skriv ei oppgåve er det viktig å finne gode kjelder for informasjon. Men korleis kan du stole på det du finn? Det er viktig å utøve kjeldekritikk for å finne eigna og kvalitetssikra informasjon.Du kan ikkje klippe og lime andre sitt arbeid som ditt eige. Korleis kan du bruke andre sine tekstar utan å plagiere? Det kan du lære meir om på sida vår om kjeldebruk og kjeldekritikk.
Kjeldekritikk på nett:
Utgjevar
- Kven er kjelda til informasjonen - hugs at kven som helst kan legge ut informasjon på nettet, til kva for eit føremål som helst.
- Kva for ein autoritet har personen/organisasjonen/verksemda som har lagt ut informasjonen?
- Finst det opplysningar om personen/organisasjonen?
- Er personen/organisasjonen kjend innan feltet?
- Er det nokon som refererer til denne personen/organisasjonen (kjelda)?
- Er det mogelegheit for å kontakte kjelda pr. telefon, faks eller e-post? Står adressa på nettstaden?
Føremål med sidene
- Kva er motivet for å legge ut informasjonen? Er denne reklamen, propaganda eller faktum?
- Er kjelda nøytral, eller finn du eit sterkt farga syn på saka?
Truverd
- Er språkbruken truverdig? Finn du mykje skrivefeil?
- Har nettstaden ein klar og tydeleg layout? - Har nettstaden ein god og korrekt lenkesamling til andre aktuelle nettstadar?
Utgjevingstidspunkt
- Er informasjonen ny eller gammal? Når vart sidene sist oppdatert?
Søk og skriv og Kildekompasset hjelper deg også vidare med referansar.
Kildesøk
Bli betre til å søke på internett! God søketeknikk handlar om korleis du vel søkeord og kjelder å søke i.
Bruk forskjellige kjelder: Google scholar, DuckDuckGo, A-tekst (via Its-learning)
Google er verdas mest brukte søkemotor og her finn du nesten alt du leitar etter. Etterfølgande nokon tipps korleis du gjera leitinga raskare og meir effektiv:
1. Søk på ei bestemd nettside
- ein svært presis måte å søka på
- i søkefeltet skriv du "site:" følgd av nettsida du vil finne
- til dømes: site:asv.hfk.no (hugs at det ikkje er mellomrom etter kolon)
2. Søk på filtype
-
dersom du veit at du leiter etter ein wordfil, excelfil eller pdf, skriv i søkefeltet "filtype:" følgd av søkeordet ditt
- til dømes: pdf:skulerute Askøy
3. Fraser
- bruk hermeteikn for å leite etter ord eller frasar
- når du bruker "søkeord" søker Google nøyaktig etter ordet
- ein bra måte for å søke opp personar eller produkt
- til dømes: "Zlatan"
4. Utelat ord
- nokon gonger blir ein hindra for å få gode treff. Søkar ein t.d. etter Paris, kjem det mykje om Paris Hilton. For å hindre å få med opplysningane om henne skriv du i søkefeltet: Paris -Hilton
5. Ordbok/Leksikon
- Google har eit innebygd ordbok, som hjelper deg å finne ut tyding av ord, særleg på engelsk
- skriv "define:" følgd av ordet
- t.d. define:website
6. Kalkulator
- Google har òg ein innebygd kalkulator
- du kan bruke pluss, minus, ganga, dela og du får òg rekna ut prosent
- t.d.: 8*5+40
Dette var nokre døme til meir presis bruk av Google.
Det finst fleire verktøy som gjer livet med Google enklare, t.d. klokkesøk (time Tokyo), Valutakalkulator ( 10 USD in NOK), værsøk (vêr Kvamskogen), kartsøk (kart Askøy) og nokon fleire.
Google advanced søkPrøv sjølv!